torsdag 22. desember 2011

Nye fagarbeidarar

Mandag 19. desember var det duka for årets fagbrevutdeling på Handeland Gard.
Stolte, nye fagarbeidarar hadde møtt opp for å ta imot fagbrevet sitt. I tillegg var alle lærlingar, samt styret ved opplæringskontoret, også invitert til fagbrevutdelinga og julemiddag, og mange hadde tatt turen til Handeland Gard denne kvelden, noko me set stor pris på.



Bak f.v.: Andreas Røyrvik, Olav Sindre Holmedal, Øystein Ronæs, Ronny Hamre, Kjell Flygansvær, Kim Arne Helle. Framme f.v.: Eirik Lie, Kjetil Rangsæter, Thomas Hallquist, Christian Nupen og Lindy Malene B. Ekeland.

Fått fagbrev, men er ikkje på bildet: Eivind Opdal, Stian Sørheim, Steffen J. Røssland, Sindre H. Opedal, Haakon Haaland, Morten Snyen Stangeland, Leif Inge E. Mjånes, Håvard S. Eik og Morten Einar Weberg.

Lærlingar i Spania


Også denne hausten har to lærlingar hatt litt av praksistida si i utlandet. Som tidlegare år har turen denne gongen også gått til Alfaz del Pi, der dei har arbeidd i byggfirmaet Helge y Anders Contrucciones S. L.

Denne gongen var det tømrarlærlingane Eirik Fykse og Svein Bjørke som fekk vera utplassert i Spania i 8 veker.
Det blei ikkje dei heilt store arbeidsoppdraga som var venta på forhånd, så opphaldet har vel gitt meir erfaring når det gjeld annan kultur og arbeidsliv i andre land, enn reint fagmessig innan tømrarfaget.
Men likevel ei oppleving verdt å ta med seg, ifølge lærlingane.

Været har vore stort sett fint og varmt under opphaldet, og på fritida har lærlingane vore på m.a. sykkelturar/gåturar i fjella, joggeturar, og spelt fotball, tennis, bada og trent på treningsenter.
Ellers har dei vore på fotballkamp i Valencia (Valencia - Chelsea), som var ein veldig kjekk opplevelse.
Ein annan kvinnhering som tidlegare har vore utplassert på same staden gjennom Leonardo-programmet, tok seg ein kjøretur til Spania og besøkte Eirik og Svein, noko som og ga dei muligheten til ein kjøretur til Alicante. Ein stad der det er mykje å oppleva, seier lærlingane.

Størstedelen av opphaldet har det vore finansiert ved hjelp av midlar frå Leonardo da Vinci programmet.
Me takkar Kirsten Ese ved Europakontoret for god hjelp i samband med søknad og anna dokumentasjon underveis.


Bilete øverst: Frå Albir
Bilete nederst: Frå fiestaen i Alfaz del Pi