torsdag 16. februar 2012

Læreplassar 2012



Medlemsbedriftene våre treng lærlingar i fleire ulike fag innan:

*Bygg - og anleggsteknikk
*Elektrofag
*Teknikk og industriell produksjon
*Service og samferdsel

Send søknad med godkjende kompetansebevis til Opplæringskontoret for
Sunnhordland, Pb 29, 5480 Husnes, eller til post@suo.no.


Skriv kva lærefag du ønsker, og me vil formidla vidare til aktuelle
bedrifter.


PS! Husk å søka på www.vigo.no også, sjølv om du søker direkte til
oss/bedrifter.

Søknadsfrist: 1. mars 2012
For nærmare opplysningar, ta gjerne kontakt med oss på tlf. 53 47 24 60.



Fotokonkurranse for lærlingar og elevar i vidaregåande skule

Hordaland Fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse for lærlingar og elevar i vidaregåande skule i Hordaland.


Deltakarane kan velga mellom 3 tema for bilda:
  • Den fleirkulturelle skulen
  • Favorittfaget
  • Den digitale skulen
1. premien er eit digitalt speilreflekskamera frå Canon til ein verdi av kr. 4000,-
Fristen for å senda inn bilde er 11. mai 2012

Meir om reglar og korleis du sender inn finn du her

torsdag 22. desember 2011

Nye fagarbeidarar

Mandag 19. desember var det duka for årets fagbrevutdeling på Handeland Gard.
Stolte, nye fagarbeidarar hadde møtt opp for å ta imot fagbrevet sitt. I tillegg var alle lærlingar, samt styret ved opplæringskontoret, også invitert til fagbrevutdelinga og julemiddag, og mange hadde tatt turen til Handeland Gard denne kvelden, noko me set stor pris på.



Bak f.v.: Andreas Røyrvik, Olav Sindre Holmedal, Øystein Ronæs, Ronny Hamre, Kjell Flygansvær, Kim Arne Helle. Framme f.v.: Eirik Lie, Kjetil Rangsæter, Thomas Hallquist, Christian Nupen og Lindy Malene B. Ekeland.

Fått fagbrev, men er ikkje på bildet: Eivind Opdal, Stian Sørheim, Steffen J. Røssland, Sindre H. Opedal, Haakon Haaland, Morten Snyen Stangeland, Leif Inge E. Mjånes, Håvard S. Eik og Morten Einar Weberg.

Lærlingar i Spania


Også denne hausten har to lærlingar hatt litt av praksistida si i utlandet. Som tidlegare år har turen denne gongen også gått til Alfaz del Pi, der dei har arbeidd i byggfirmaet Helge y Anders Contrucciones S. L.

Denne gongen var det tømrarlærlingane Eirik Fykse og Svein Bjørke som fekk vera utplassert i Spania i 8 veker.
Det blei ikkje dei heilt store arbeidsoppdraga som var venta på forhånd, så opphaldet har vel gitt meir erfaring når det gjeld annan kultur og arbeidsliv i andre land, enn reint fagmessig innan tømrarfaget.
Men likevel ei oppleving verdt å ta med seg, ifølge lærlingane.

Været har vore stort sett fint og varmt under opphaldet, og på fritida har lærlingane vore på m.a. sykkelturar/gåturar i fjella, joggeturar, og spelt fotball, tennis, bada og trent på treningsenter.
Ellers har dei vore på fotballkamp i Valencia (Valencia - Chelsea), som var ein veldig kjekk opplevelse.
Ein annan kvinnhering som tidlegare har vore utplassert på same staden gjennom Leonardo-programmet, tok seg ein kjøretur til Spania og besøkte Eirik og Svein, noko som og ga dei muligheten til ein kjøretur til Alicante. Ein stad der det er mykje å oppleva, seier lærlingane.

Størstedelen av opphaldet har det vore finansiert ved hjelp av midlar frå Leonardo da Vinci programmet.
Me takkar Kirsten Ese ved Europakontoret for god hjelp i samband med søknad og anna dokumentasjon underveis.


Bilete øverst: Frå Albir
Bilete nederst: Frå fiestaen i Alfaz del Pi

tirsdag 27. september 2011

Yrkesmesse i Kvinnherad 30. november


Me vil også i år få ønska velkommen til Yrkesmessa i Kvinnherad. 
Messa vil bli arrangert i Husneshallen onsdag 30. november.

Messa vil gå over ein dag, og informasjon vil bli sendt ut seinare til dei som melder seg på.
Me har ikkje satt nokon påmeldingsfrist enno, men fint hvis de gjer beskjed på mail eller telefon når de har bestemt dykk for å vera med.

Formålet med messa er å gje elevane ein god presentasjon av yrkes-og utdanningsmulighetar, slik at det blir lettare for dei å ta eit klokt og framtidsretta val. Ønsker de å markedsføra dykk mot ungdom som står framfor val av utdanning/yrke, har de no ein god mulighet til det.

Deltakaravgifta er kr. 1000,- pr. skule/bedrift.

Velkomen til Yrkesmessa!

tirsdag 5. april 2011

LÆREPLASS 2011

Listene over søkarar i dei ulike faga er no komne, og skal vera sendt ut til alle våre medlemsbedrifter.
Har dykkar bedrift ikkje mottatt desse, ta kontakt med oss!
De kan også kontakta oss dersom det er fleire fag de er interessert i søkarar til, eller hvis de ønsker nærmare opplysningar om søkarane.

Er de ikkje medlem hos oss, men vurderer å ta inn lærling; kontakt oss for nærmare informasjon og søkarlister.

torsdag 17. mars 2011

VIKTIG MELDING TIL ALLE SOM HAR TEORI/EKSAMEN FRÅ REFORM 94, OG SOM ØNSKER Å TA FAGBREV INNAN DENNE REFORMA

Fag-/sveineprøve etter Reform 94 må vera avlagd innan
31. desember 2011.
Oppmeldingsfrist: 1. mai 2011.

(PS! Gjeld praksiskandidatar, ikkje lærlingar.)


Det finnes nokre unntak som har litt forlenga frist, dette gjeld bl.a. fag med lenger læretid og nokre andre tilfeller. Er du i tvil om du klarar å nå fristen og/eller om du har mulighet til forlenga frist, kan du kontakta Fagopplæringskontoret, men for dei aller fleste er altså siste mulighet å avlegga fagprøve innan 31.12.11. Etter dette kan ein kun ta fagprøve i ny reform (Kunnskapsløftet), og det betyr at også teori/eksamen må vera frå ny reform.
Når det gjeld oppmeldingsfristen: Dei som på dette tidspunktet ikkje har klart å få skaffa seg nok praksis til å gå opp til fagprøve (men som vil få det innan 31.12.11) skal likevel melde seg opp til denne fristen. Ta gjerne kontakt med Fagopplæringskontoret på førehand dersom dette er tilfellet, slik at dei er klar over dette.

Har de spørsmål til dette, ta gjerne kontakt med oss.
For vurdering/godkjenning av praksis eller tidlegare teori, kontakt Fagopplæringskontoret.