Søke læreplass

Fristen for å søke læreplass er 1. mars.
Her kjem litt informasjon om korleis du søker:



Du søker læreplass ved å gå inn på http://www.vigo.no/ og følga rettleiinga vidare.
Du kan også søka direkte til dei bedriftene du ønsker eller til opplæringskontoret, men du må uansett registrera deg i Vigo for å sikra deg retten til å bli formidla gjennom Hordaland Fylkeskommune.



Dersom du har gjort avtale om læreplass skal du likevel registrere deg i Vigo, og hake av for at du har fått læreplass. I tillfelle noko skulle skje i forhold til læreplassen, beheld du retten til å bli formidla.


Alle søkarar som er registrerte i Vigo vil bli formidla til aktuellle medlemsbedrifter hos oss. Hvis du i tillegg søker direkte til oss, kan du setta opp ei liste over kva bedrifter og fag du helst ønsker læreplass i, i prioritert rekkefølge.


Søknad direkte til bedrifta, eller personleg oppmøte gjer ofte eit ekstra inntrykk, og kan gje deg større sjanse til å få læreplass.


Husk:
  • Oppgje eit telefonnummer du kan treffast på. Du får ikkje tilbud om læreplass hvis bedrifta ikkje får tak i deg.
  • Får du ikkje læreplass med ein gong, så vis di interesse og hold oss oppdatert om at du framleis står utan læreplass. Det er òg viktig at du viser di interesse hos bedrifta/bedriftene du har søkt hos. Ta gjerne ein telefon eller eit besøk og høyr om dei har vurdert søknaden din, dersom du ikkje høyrer frå dei.
  • Gje beskjed dersom du har fått læreplass, har bestemt deg for å gå vidare på skule, eller av andre grunnar ikkje skal stå som søkar lenger. Det er viktig at me til ei kvar tid veit kven som er reelle søkarar.
  • Sjølv om du er lei av skule og plikter når sommarferien startar; ikkje utsett til hausten å skaffa deg læreplass!! Då er mange av plassane opptatt. Sjølv om du avtaler læreplassen tidleg, kan du likevel få sommarferie før du startar.
  • Mykje fråvær vil gje eit negativt inntrykk på dei fleste bedrifter. Har du mykje fråvær er det ein fordel om du kan dokumentera fraværet, eller forklare kva som er grunnen til fråværet.

Har du velgt eit fag der det er vanskeleg å få læreplass, og ønsker å stå som søkar i eit anna fag og? Eller angrar du på det faget du har valgt? Dette kan det vera mulig å gjera noko med. 

Lurer du på ting som dette, eller andre ting som gjeld lærlingordninga, ta gjerne kontakt med oss!