-Lønnsam arbeidskraft – ei god og lønsam investering
-Skreddarsy din framtidige medarbeidar - god medarbeidar tilpasset verksemda sitt behov
-Sikre oppdatert kunnskap - bedriftene får faglig påfyll gjennom kurs og anna opplæring som tilbys lærebedrifter.
-Sikre framtida for din bransje - Bedrifta styrker sitt omdømme gjennom å ta inn lærlingar.
Ein lærling vil også bidra til:
- Tvungen oppfriskning av eigen fagkunnskap, rett og slett fordi du er nøydt til å tenke over kva du driv med når du skal forklare ein arbeidsprosedyre til ein som ikkje vet. (Det er alltid nyttig å vite kvifor man gjer ting – autopilot kan være både kjedeleg og farleg.)
-Ny kunnskap inn i bedrifta. Det betyr at dei faktisk bring inn og kan formidle ny kunnskap i bedrifta.
Korleis bli lærebedrift?
Ei bedrift som ønsker å ta inn lærlinger må vera godkjent som lærebedrift. Dersom det har gått meir enn 2 år sidan bedrifta hadde lærling sist, må det søkast om godkjenning på nytt.
Bedrifta vil få tilsendt et godkjenningsbevis når den er godkjent av Fylkeskommunen, og godkjenninga trer i kraft når bedrifta tek inn lærling.
Hovudkrav for godkjenning:
- Bedrifta må ha ein produksjon/ei verksemd som gjer det mogeleg å gje opplæring etter læreplanen for faget. Hvis bedrifta ikkje kan gje opplæring i heile læreplanen, kan det evt. gjerast avtaler med andre bedrifter om utplassering slik at læreplanen blir dekka.
- Bedrifta må ha ein fagleg leiar som har ansvar for opplæring av lærlingane i faget. Fagleg leiar skal normalt ha fag-/svennebrev i faget eller tilsvarande utdanning.
- Bedrifta skal utarbeida ein plan for opplæringa med utgangspunkt i læreplanen for faget. Planen kan vera ei enkel oppstilling av arbeidsoppgåver knytta opp mot mål i læreplanen.
PS!
Lærebedrifta forpliktar seg ikkje til å ha lærling i bedrifta til ei kvar tid.
De kan sjølv velga kor tid de vil ha lærling, og kven de vil ha.
Medlem i Opplæringskontoret for Sunnhordland?
Ved å knytta seg til eit opplæringskontor får lærebedrifta kvalitetssikra opplæringa og slepp det administrative ansvaret for lærlingen (lærebedrifta har kun arbeidsgjevaransvaret for lærlingen, i den tida kontrakten er skreven for.)
Lærebedrifta treng såleis ikkje setta seg inn i rutinar, lover og regler, men kan konsentrera seg fullt og heilt om den faglege opplæringa.
Her er noko av det me kan tilby deg som medlem:
- Formidling av søkarar / hjelp til å finna kandidatar med rett teoribakgrunn.
- Rådgjeving/hjelp til kryssløp for kandidatar med feil/manglande teoribakgrunn.
- Godkjenning som lærebedrift / fornying av godkjenning
- Teikning av lærekontraktar, framskaffing av nødvendig dokumentasjon.
- Tilrettelegging av evt. manglande teori eller restteori for faget.
- Rettleiing i fht. lønn, lovar og reglar.
- Oppfølging av lærlingen i læretida. (Oppstartsamtale, halvårlege lærlingsamtalar, lærling og fagleg leiar får utdelt perm med læreplan, opplæringsbok, samt diverse informasjon.)
- Hjelp ved evt. konfliktar, eller andre forhold som gjer at læreforholdet ikkje fungerer heilt som det skal.
- Ved trong for utplassering i ein periode når f.eks. lærebedrifta ikkje kan gje opplæring innan alle modular aleine, sørger me for å gjera avtaler med andre medlemsbedrifter som kan hjelpa med dette.
- Oppmelding til fagprøve.
- Lærlingar i bedrifter der dette er naturlig, vil få dekka enten truck– eller traverskrankurs
- Alle lærlingar vil bli invitert til lærlingtreff/fagbrevutdeling ein gong pr. år.
- Ellers hjelp/rettleiing til andre forhold som måtte dukka opp i læretida.
- Opplæringskontoret vil også vera behjelpelige for andre tilsette i medlemsbedriftene som ønsker å ta fagbrev.
Ønsker du/de å bli lærebedrift, eller ønsker de meir informasjon om dette, ta gjerne kontakt med oss.