Lærlingordninga

Hovudmodellen

Dei fleste yrkesutdanningane innanfor vidaregåande opplæring blir avslutta med lærlingordning. Den mest vanlige modellen er to år i skule og to år i bedrift. 
Når du begynner som lærling skriv du ein lærekontrakt med ei bedrift/opplæringskontor.
Du har då rett til å få fullført læretida og få opplæring etter læreplanen for faget.
Korleis blir du lærling?
Det er viktig at du søker til fylkeskommunen innan søknadsfristen som er
1. mars. Dette gjer du på http://www.vigo.no/

Fylkeskommunen vil då registrere deg som søkar, og me vil få lister med navn og opplysningar om dei som har søkt, som me formidlar vidare til alle aktuelle medlemsbedrifter.
Du kan gjerne òg søka direkte til bedrifter og opplæringskontor.
Søknader som kjem til oss vil bli vidaresendt til alle aktuelle lærebedrifter som er medlem hos oss, eller til dei bedriftene som du ønsker. 
Husk å legga ved attestar og vitnemål når du sender søknad til bedrifter eller opplæringskontor.

Lønn i læretida 
Lærlingar får lønn i læretida.
Det første året som lærling reknast som opplæring, medan det andre reknast som verdiskapning. Det er egentlig det siste året du får lønn for, men lønna blir som regel fordelt over begge åra.
Det kan vera litt forskjell på lønna innan dei ulike faga, men dei fleste lærlingane får lønn etter følgjande modell basert på begynnerlønn for ein fagarbeider i ditt yrke;

1.halvår:  30 prosent av fagarbeiderlønn
2. halvår: 40 prosent av fagarbeiderlønn
3. halvår: 50 prosent av fagarbeiderlønn
4. halvår: 80 prosent av fagarbeiderlønn


Kva som er begynnarlønn for fagarbeider varierar litt etter tariffavtalane for dei ulike bransjane, og for dei ulike arbeidsplassane.

Stipend

Lærlingar med godkjent lærekontrakt kan søka stipend/lån i Statens Lånekasse.
Er du lærling vil søknaden din først bli behandla i Fylkeskommunen, og har du spørsmål ang. søknaden din, eller stipend generelt, kan du henvenda deg her.
Her søker du om stipend: http://www.lanekassen.no/

Meir informasjon om korleis du søker finn du her.

Søknaden om stipend vil ikkje bli behandla før lærekontrakten er godkjent.

Difor er det viktig at du får teikna lærekontrakt og framskaffa alle nødvendige vitnemål/attestar ei stund før du skal ta til i lære.