torsdag 20. desember 2012
Fagbrevutdeling 2012
Onsdag 12.12.12 hadde me fagbrevutdeling på restauranten Himmelsk på Husnes.
10 lærlingar og praksiskandidatar var til stades og mottok fagbreva sine.
Bakerst frå venstre: Alexander Th. Riise, Yvonne Hope, Halgeir Tørrvik,
Magnus Haga, Morten Røssland.
Framme frå venstre: Benedikte Aase, Rikard B. Gloppen, Monica S. Nygård,
Øystein Skår, Kristina Østerbø
Totalt er det 18 lærlingar ved Opplæringskontoret som har tatt fagbrev i 2012.
Dei som ikkje var tilstades på utdelinga er: Eirik F. Ørjansen, Sindre T. Dahle, Svein Bjørke, Eirik Fykse,
Richard J. Hjelmeland, Endre Mehl, Peder F. Kaldestad, Glenn Andre Nordøy, Sindre Iversen, Sindre N. F. Thorsen.
mandag 26. november 2012
Messa foregår i Husneshallen onsdag 28. november frå kl. 09.30 til kl. 14.00, og er open for alle.
Rundt 850 skuleelevar og andre kjem for å besøke messa.
Me har i år 41 utstillarar, som er bl.a. bedrifter, vidaregåande skular, høgskular, opplæringskontor og andre organisasjonar. Me får òg besøk av ambulansetenesta og politiet.
Me håpar her skal vera noke for einkvar smak, og oppfordrar elevar og andre til å besøka standane og spørra om det de lurer på. Dette er ein flott mulighet til å få meir informasjon om dei yrkes- og utdanningsmulighetane som er representerte.
Nedanfor finn de messekart og program for messa.
Ønsker du å lese Industriavisa som blir gitt ut i samband med Yrkesmessa, finn du den her.
torsdag 16. februar 2012
Læreplassar 2012
Medlemsbedriftene våre treng lærlingar i fleire ulike fag innan:
*Bygg - og anleggsteknikk
*Elektrofag
*Teknikk og industriell produksjon
*Service og samferdsel
Send søknad med godkjende kompetansebevis til Opplæringskontoret for
Sunnhordland, Pb 29, 5480 Husnes, eller til post@suo.no.
Skriv kva lærefag du ønsker, og me vil formidla vidare til aktuelle
bedrifter.
PS! Husk å søka på www.vigo.no også, sjølv om du søker direkte til
oss/bedrifter.
Søknadsfrist: 1. mars 2012
For nærmare opplysningar, ta gjerne kontakt med oss på tlf. 53 47 24 60.
Fotokonkurranse for lærlingar og elevar i vidaregåande skule
Hordaland Fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse for lærlingar og elevar i vidaregåande skule i Hordaland.

Deltakarane kan velga mellom 3 tema for bilda:
Fristen for å senda inn bilde er 11. mai 2012
Meir om reglar og korleis du sender inn finn du her
Deltakarane kan velga mellom 3 tema for bilda:
- Den fleirkulturelle skulen
- Favorittfaget
- Den digitale skulen
Fristen for å senda inn bilde er 11. mai 2012
Meir om reglar og korleis du sender inn finn du her
torsdag 22. desember 2011
Nye fagarbeidarar
Mandag 19. desember var det duka for årets fagbrevutdeling på Handeland Gard.
Stolte, nye fagarbeidarar hadde møtt opp for å ta imot fagbrevet sitt. I tillegg var alle lærlingar, samt styret ved opplæringskontoret, også invitert til fagbrevutdelinga og julemiddag, og mange hadde tatt turen til Handeland Gard denne kvelden, noko me set stor pris på.
Stolte, nye fagarbeidarar hadde møtt opp for å ta imot fagbrevet sitt. I tillegg var alle lærlingar, samt styret ved opplæringskontoret, også invitert til fagbrevutdelinga og julemiddag, og mange hadde tatt turen til Handeland Gard denne kvelden, noko me set stor pris på.
Bak f.v.: Andreas Røyrvik, Olav Sindre Holmedal, Øystein Ronæs, Ronny Hamre, Kjell Flygansvær, Kim Arne Helle. Framme f.v.: Eirik Lie, Kjetil Rangsæter, Thomas Hallquist, Christian Nupen og Lindy Malene B. Ekeland.
Fått fagbrev, men er ikkje på bildet: Eivind Opdal, Stian Sørheim, Steffen J. Røssland, Sindre H. Opedal, Haakon Haaland, Morten Snyen Stangeland, Leif Inge E. Mjånes, Håvard S. Eik og Morten Einar Weberg.
Lærlingar i Spania
Også denne hausten har to lærlingar hatt litt av praksistida si i utlandet. Som tidlegare år har turen denne gongen også gått til Alfaz del Pi, der dei har arbeidd i byggfirmaet Helge y Anders Contrucciones S. L.
Denne gongen var det tømrarlærlingane Eirik Fykse og Svein Bjørke som fekk vera utplassert i Spania i 8 veker.
Det blei ikkje dei heilt store arbeidsoppdraga som var venta på forhånd, så opphaldet har vel gitt meir erfaring når det gjeld annan kultur og arbeidsliv i andre land, enn reint fagmessig innan tømrarfaget.
Men likevel ei oppleving verdt å ta med seg, ifølge lærlingane.
Været har vore stort sett fint og varmt under opphaldet, og på fritida har lærlingane vore på m.a. sykkelturar/gåturar i fjella, joggeturar, og spelt fotball, tennis, bada og trent på treningsenter.
Ellers har dei vore på fotballkamp i Valencia (Valencia - Chelsea), som var ein veldig kjekk opplevelse.
Ein annan kvinnhering som tidlegare har vore utplassert på same staden gjennom Leonardo-programmet, tok seg ein kjøretur til Spania og besøkte Eirik og Svein, noko som og ga dei muligheten til ein kjøretur til Alicante. Ein stad der det er mykje å oppleva, seier lærlingane.
Størstedelen av opphaldet har det vore finansiert ved hjelp av midlar frå Leonardo da Vinci programmet.
Me takkar Kirsten Ese ved Europakontoret for god hjelp i samband med søknad og anna dokumentasjon underveis.
Bilete øverst: Frå Albir
Bilete nederst: Frå fiestaen i Alfaz del Pi
tirsdag 27. september 2011
Yrkesmesse i Kvinnherad 30. november
Me vil også i år få ønska velkommen til Yrkesmessa i Kvinnherad.
Messa vil bli arrangert i Husneshallen onsdag 30. november.
Messa vil bli arrangert i Husneshallen onsdag 30. november.
Messa vil gå over ein dag, og informasjon vil bli sendt ut seinare til dei som melder seg på.
Me har ikkje satt nokon påmeldingsfrist enno, men fint hvis de gjer beskjed på mail eller telefon når de har bestemt dykk for å vera med.
Formålet med messa er å gje elevane ein god presentasjon av yrkes-og utdanningsmulighetar, slik at det blir lettare for dei å ta eit klokt og framtidsretta val. Ønsker de å markedsføra dykk mot ungdom som står framfor val av utdanning/yrke, har de no ein god mulighet til det.
Deltakaravgifta er kr. 1000,- pr. skule/bedrift.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





