torsdag 22. desember 2011

Lærlingar i Spania


Også denne hausten har to lærlingar hatt litt av praksistida si i utlandet. Som tidlegare år har turen denne gongen også gått til Alfaz del Pi, der dei har arbeidd i byggfirmaet Helge y Anders Contrucciones S. L.

Denne gongen var det tømrarlærlingane Eirik Fykse og Svein Bjørke som fekk vera utplassert i Spania i 8 veker.
Det blei ikkje dei heilt store arbeidsoppdraga som var venta på forhånd, så opphaldet har vel gitt meir erfaring når det gjeld annan kultur og arbeidsliv i andre land, enn reint fagmessig innan tømrarfaget.
Men likevel ei oppleving verdt å ta med seg, ifølge lærlingane.

Været har vore stort sett fint og varmt under opphaldet, og på fritida har lærlingane vore på m.a. sykkelturar/gåturar i fjella, joggeturar, og spelt fotball, tennis, bada og trent på treningsenter.
Ellers har dei vore på fotballkamp i Valencia (Valencia - Chelsea), som var ein veldig kjekk opplevelse.
Ein annan kvinnhering som tidlegare har vore utplassert på same staden gjennom Leonardo-programmet, tok seg ein kjøretur til Spania og besøkte Eirik og Svein, noko som og ga dei muligheten til ein kjøretur til Alicante. Ein stad der det er mykje å oppleva, seier lærlingane.

Størstedelen av opphaldet har det vore finansiert ved hjelp av midlar frå Leonardo da Vinci programmet.
Me takkar Kirsten Ese ved Europakontoret for god hjelp i samband med søknad og anna dokumentasjon underveis.


Bilete øverst: Frå Albir
Bilete nederst: Frå fiestaen i Alfaz del Pi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar