mandag 26. november 2012


Me er no klar for Yrkesmessa i Kvinnherad 2012.
Messa foregår i Husneshallen onsdag 28. november frå kl. 09.30 til kl. 14.00, og er open for alle.

Rundt 850 skuleelevar og andre kjem for å besøke messa.
Me har i år 41 utstillarar, som er bl.a. bedrifter, vidaregåande skular, høgskular, opplæringskontor og andre organisasjonar. Me får òg besøk av ambulansetenesta og politiet.

Me håpar her skal vera noke for einkvar smak, og oppfordrar elevar og andre til å besøka standane og spørra om det de lurer på. Dette er ein flott mulighet til å få meir informasjon om dei yrkes- og utdanningsmulighetane som er representerte.

Nedanfor finn de messekart og program for messa.
Ønsker du å lese Industriavisa som blir gitt ut i samband med Yrkesmessa, finn du den her.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar